
Bibelen fortel
Bibelen fortel om då Jesus gjekk omkring
gjorde underfulle ting
der han viste seg.
Bibelen fortel at Guds rike kom oss nær,
himmelgåva den er her
for deg og meg.
Ein dag var Jesus uti ørkenen
og talte til fem tusen menn.
Dei hadde lite mat.
Fem brød, to fiskar,
men då Jesus ba
vart det nok til alle.
Bibelen fortel om då Jesus gjekk omkring
gjorde underfulle ting
der han viste seg.
Bibelen fortel at Guds rike kom oss nær,
himmelgåva den er her
for deg og meg.
Den blinde tiggaren sat ved ein veg
og høyrde Jesus sine steg.
Han ropte alt han vann
til Jesus svara
og velsigna han.
Han fekk sjå igjen,
Ein dag var Jesus på Genesaret
og båten gynga mjukt og lett.
Då bles det veldig opp
alle vart redde
Jesus ropte: Stopp!
heile sjøen stilna.
Bibelen fortel om då Jesus gjekk omkring
gjorde underfulle ting
der han viste seg.
Bibelen fortel at Guds rike kom oss nær,
himmelgåva den er her
for deg og meg
Autor(es): Gaute Øvereng, Kari Muren Olsson