
Kvar ein dag
Vaknar opp til ein heilt ny dag
så godt å kjenne eg lever.
Veit du alltid held meg med lag
du høyrer meg, og du ser meg.
Himmelen er så høg og blå
Med meir enn vi kan sjå
Kvar ein dag, kvart eit hjarteslag,
er eg glad for at du er nær.
Du kan sjå kva eg tenkjer på,
og du møter meg som den eg er.
Heile meg
er glad for å kjenne deg
Det blir kveld og eg sovnar inn,
så trygt og godt på mi pute.
Draumar kjem og ein dag forsvinn,
ein engel vaktar mi rute.
Stjernene skin på himmelen
som helsing frå ein ven
Kvar ein dag, kvart eit hjarteslag,
er eg glad for at du er nær.
Du kan sjå kva eg tenkjer på,
og du møter meg som den eg er.
Heile meg
er glad for å kjenne deg
Kvar ein dag, kvart eit hjarteslag,
er eg glad for at du er nær.
Du kan sjå kva eg tenkjer på,
og du møter meg som den eg er.
Heile meg
er glad for å kjenne deg
Autor(es): Gaute Øvereng, Irene Åbrekk Kalvatn, Kari Muren Olsson