LJOST

Den store stjerna


Print songSend correction to the songSend new songfacebooktwitterwhatsapp

Den store stjerna som steig i aust
med ljos over verda.
Tende vår jord for framtidsferda
i heimsens mørke haust.
Den store stjerna gir oss fred
med sitt bod nå ved juletid.

Den store stjerna for fyrste gong
bar bod om ein frelsar.
Fattig og rik går fram
og helsar eit nyfødd barn med song.
Den store stjerna ga oss ord
med ei von for vår veike bror.

Den store stjerna i natta kald
har synt oss eit under.
Lyser med trøyst i tunge stunder
for folk i tusen tall.
Den store stjerna høg og klår
er vårt ljos på den veg vi går.

Den store stjerna står klår som før
og ber oss å dela.
Gje alt vi kan
og såra hela hos våre svoltne brør.
Den store stjerna gjer oss fri
med sitt bod nå ved juletid.


Writer/s: Svein Gundersen, Trygve Hoff