DesiBelle

Godt at du fann på


Print songSend correction to the songSend new songfacebooktwitterwhatsapp

Store skogar med mørke graner
hav og strand og ein flokk med traner
kvervelvindar og snøversdans
dyr med venger og dyr med svans
Godt at du fann på, at du fann på!

Sol som lyser og blåbærturar
kvite skyer som blir figurar
kloke ting og alt tøyseri
rare songar og fantasi
Godt at du fann på, at du fann på!

Mørke netter og ville tankar
torebrak og ein storm som bankar
mygg som bit og eit kvepsestikk
vondt i halsen og mesling-prikk
Kva tenkte du på då?

Store skogar med mørke graner
hav og strand og ein flokk med traner
kvervelvindar og snøversdans
dyr med venger og dyr med svans
Godt at du fann på, at du fann på!


Writer/s: Gaute Øvereng, Monica Vikström-Jokela, Oskar Stein Bjørlykke