DesiBelle

Lufta er full


Print songSend correction to the songSend new songfacebooktwitterwhatsapp

Det er så kjekt å ver´ i lag
Vi skulle hatt det slik kvar ein dag
Men du bur altfor langt frå meg
det er for sjeldan eg får sjå deg

Så når du no skal reise
trengst det meir til enn eit ha-det-bra-vink!

Heile lufta er full av klemmar
heile lufta er full av smil
For når du har gode venner
tek du avskjeden med stil.

Kjenn det kriblar når hjartet bankar.
Tenk å ha slik ein hjartevenn.
Vi sender ut gode tankar
og får tusen, tusen, tusental igjen.

Vi er så like du og eg
du følgjer lett mine tankesteg
vi har så mykje å snakke om
Vi høyrer ikkje dei vaksne rope: kom!

For når du no skal reise
trengst det meir til enn eit ha-det-bra-vink!

Heile lufta er full av klemmar
heile lufta er full av smil
For når du har gode venner
tek du avskjeden med stil.

Kjenn det kriblar når hjartet bankar.
Tenk å ha slik ein hjartevenn.
Vi sender ut gode tankar
og får tusen, tusen, tusental igjen.

For alle gode venner
fortener meir enn eit ha-det-bra-vink!

Heile lufta er full av klemmar
heile lufta er full av smil
For når du har gode venner
tek du avskjeden med stil.

Kjenn det kriblar når hjartet bankar.
Tenk å ha slik ein hjartevenn.
Vi sender ut gode tankar
og får tusen, tusen, tusental igjen.


Writer/s: Gaute Øvereng