Hav av tid


Det er så mange som har dårleg tid,
dei seier tida flyg forbi.
Dei stressar for å nå alt som skal skje,
men må eg òg bry meg om det?

Kvifor skal eg passe tida?
Tida passar best seg sjølv!

Så mange kavar rundt omkring,
men eg har eit hav av tid
Eg veit eg når alt det eg vil,
for eg har eit hav av tid.
Eg treng'kje springe om kapp med tida.
For tida går men ho finst alltid her og no!

Eg har'kje tenkt å la meg stresse opp.
Vil ikkje henge i ei stropp.
Kva er det eigentleg som hastar slik?
Nyt kvar ein dag, den er unik!

Styrer klokka livet ditt?
eg let ho styre med sitt.

Så mange kavar rundt omkring,
men eg har eit hav av tid
Eg veit eg når alt det eg vil,
for eg har eit hav av tid.
Eg treng'kje springe om kapp med tida.
For tida går men ho finst alltid her og no!

Alt har si tid, dette er mi!
Alt har si tid, dette er mi!

Så mange kavar rundt omkring,
men eg har eit hav av tid
Eg veit eg når alt det eg vil,
for eg har eit hav av tid.
Eg treng'kje springe om kapp med tida.
For tida går men ho finst alltid her og no!


Autor(es): Gaute Øvereng