Stole på deg
Det hender at eg har det vanskeleg,
alt eg ser er grått.
Eg snublar rundt i både ord og steg,
alt blir misforstått.
Men du sa i ditt ord
at du vil vere med kvar dag
Derfor finn eg smilet fram for
eg veit at eg kan stole på deg
om eg er trist eller glad.
Eg veit at eg kan stole på deg
kvart minutt, kvar dag.
Så kjem det dagar eg har godt humør,
allting går så lett.
Eg vågar ting eg ikkje torde før
vrangt blir snudd til rett.
Og du sa i ditt ord
at du vil vere med kvar dag.
Derfor held eg smilet på for
eg veit at eg kan stole på deg
om eg er trist eller glad.
Eg veit at eg kan stole på deg
kvart minutt, kvar dag.
Eg kan stole på deg
om eg er trist eller glad.
Eg kan stole på deg
kvart minutt, kvar dag.
Autor(es): Gaute Øvereng, Irene Åbrekk Kalvatn