Vakne


Vakne!
Sola målar morgonlyset på eit fjell.
Vakne!
Fuglen fyller skogen med sitt vakre spel,
det tonar gjennom bruset frå ei elv.

Vakne!
Sola tørkar dogga bort frå mark og eng.
Vakne!
Blomane dei opnar seg mot himmelen.
Ein ny dag opnar opp for oss igjen.

Sjå ein morgon speglar det som Herren vil.
Dagen lokkar til eit evig fargespel
frå han som skapte alt og gav oss liv.

Vakne!
Snart vil varmen breie seg i fjell og li.
Vakne!
Trea vaiar stilt i herleg sommarbris.
Ein ny dag kjem med lys og kjem med liv.

Sjå ein morgon speglar det som Herren vil.
Dagen lokkar til eit evig fargespel
frå han som skapte alt og gav oss liv.


Autor(es): Gaute Øvereng, Kristin Reitan