Svevet
Ligg her i mørkret,
ser på ei stjerne.
Blinkar i natta,
langt i det fjerne.
Tenk, at den stjerna er stor,
så mykje større
enn alt vi har her på jord.
Vi er som små frø i eit veldig rom
Vår vesle klode
går i ein bane,
svingar seg rundt i
einsam parade.
Timar og dagar og år,
sommar og vinter,
kjem mens ho snurrar og går.
Vi kan berre følgje med jorda i ring.
Vi får leve
i dette svevet
som små brikker i verdas puslespel.
Eg blir litt svimmel
av slike tankar.
Svevande himmel.
Hjartet mitt bankar.
Midt i det store står vi,
levande under.
Takkar for at vi finst til.
Vi er små, men livet er underleg stort.
Vi får leve
i dette svevet
som små brikker i verdas puslespel.
Vi får leve
i dette svevet
som små brikker i verdas puslespel.
Autor(es): Gaute Øvereng